Information Contact
Vest-Telemark blad

Manager og songar i same kor

Nissedølen Arne Olav Aaheim er i tillegg til songar blitt manager for eit av Noregs beste gospelkor, Reflex. Laurdag opptrer han nesten på heimebane.

Geir Ufs

Då Arne Olav Aaheim frå Fjone flytta til Oslo for å studere, ville han ha eit kristen nettverk rundt seg. Dessutan ynskte han å bli med i eit kor som satsa. Han fekk høve til å bli songar i Reflex, søm er eit av Skandianvias leiande gospelkor. Etter kvart blei han også med i styret, og fra 1. februar i år tok han også over jobben som nanager for koret med 30 songarar og eit fast band.
- På nyåret skulle det vere leiarskifte. Eg brenn for koret, og likar å stelle med booking etter å ha hatt jobben som produksjonsassistent i Idol. Då eg blei spurd om å ta over som manager sa eg ja, fortel Aaheim.

- Utrulig moro
Å vere manager for Reflex er ei friviljug oppgåva, men Aaheim får dekt utgiftene sine. I den nye rolla si reknar han med å lære mykje, mellom anna åm produksjon av DC, og det å leggje opp turnear og konsertar.
Laurdag er Reflex på plass i Drangedal. Aaheim og nestleiaren i koret, Maria Therkelsen frå Kroken, tidligere busett i Vrådal, blir dei to mest lokale utøvarane.

- Både Maria og eg er då nesten på heimebane. Me har jobba hardt for å få til konserten i Drangedal, og dette blir utrulig moro og spennande. Me skal ha utekonsert, og det er me ikkje vane med, fortel Aaheim
Han håpar mange nissedølar finn vegen over heia.
- Reflex er ein stødig gjeng som framfører veldig god musikk. Det er ganske strengt på kven som blir tatt inn i koret, for det skal låte bra. Folk i alle aldrar vil finne seg til rette på konserten, meiner Aaheim

Mykje reising
Managerjobben skal han i fyrste omgagn ha i to år, og reknar med at oppgåva vil gje han veldig mykje tilbake. Erik Flaa, deltakar i Idol i år, er ein av dei mange i Reflex som må rekna med ein del farting framover.
- Ei ny CD-utgjeving har auka interessa for å høyre koret. For tri veker sidan var me i London, og me skal til Tyskland og Holland i september og oktober. Me er ein flott gjeng som storkosar oss på turane. Og eg rekk å ta meg av syngeoppgåva, sjølv om eg har blitt manager, avsluttar Aaheim.

Artikkeldato: August 2005

design by aleks.no & rygh.no   «»   copyright 2002-2011 by reflex-choir.no